Velkommen til Galleri Solbakkestova og Solbakken skupturhage.
Galleriet er ordinært ope laurdagar fra kl 11-15, men tar gjerne i mot besøkende etter avtale i vekedagane gjennom heile året. Hagen er alltid open for gjester, syklister, turgåarar og andre som er i nærleiken. Det er alltid kjekt å sjå folk bruke hagen! I galleriet er det utstilt eit stort utvalg av verk laga av Arne Mæland og Vidar Bratlund-Mæland, bøker av Bente Bratlund og smykker av Tonje B. Mæland.
Er du interesert i ein tur innom, så det er bare å ringa Vidar på tlf 98001861 for å avtale. Han har verkstaden/studioet sitt i galleriet og er der dei fleste dager om han ikkje er ute på ein avtale.